Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Barn og unge er ikkje nok fysisk aktive

Korkje 6-, 9- eller 15-åringane har blitt meir aktive i perioden frå 2005 til 2018.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.03.2019

Dette kjem fram i ei kartleggingsundersøking som Norges idrettshøgskole har utarbeidd på oppdrag frå Folkehelseinstituttet. Undersøkinga viser og at tiltak for å auke aktivitetsnivået og redusere fall i fysisk aktivitet i barne- og ungdomsåra, ikkje har hatt ønska effekt. Du kan lese meir om undersøkinga og laste ned rapporten frå nettsida til Folkehelseinstituttet.