Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Samling om tilsyn med integreringslova

Tema for det nasjonale tilsynet i perioden 2026–2028 er klart. Informasjon om aktuelle temaområde frå vår samling 3. mars 2026 er tilgjengeleg.

Publisert 10.03.2026

Statsforvaltaren i Vestland skal i perioden 2026–2028 gjennomføre tilsyn med ordningane samfunnskunnskap og introduksjonsprogrammet etter integreringslova. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har fastsett tema for den kommande nasjonale tilsynsperioden. Hovudtemaet for det nasjonale tilsynet i perioden 2026–2028 er:

«Deltakaren sin integreringsplan – vegen til eit tilpassa og målretta introduksjonsprogram»

I samband med innføringa av det nye temaet for tilsynet har vi invitert kommunane og fylkeskommunen til ei samling der vi gjekk gjennom dei tre deltemaa:

  • fastsetjing av sluttmål,
  • gjennomføring av opplæring i samfunnskunnskap og omfanget av introduksjonsprogrammet, og
  • sentrale føresegnene som ligg til grunn for tilsynet.

Presentasjonane frå dei tre temaområda for tilsynet finn de til høgre.