Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Leve heile livet-konferansane

«Frå samarbeid til samskaping», er den raude tråden på Leve heile livet-konferansane i Vestland denne hausten.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.09.2022

Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet i Vestland arrangerer to Leve heile livet-konferansar i haust. Konferansane blir arrangert 27. oktober på Skei og 9. november i Bergen. Programmet for dei to konferansane er likt.

Følg lenkjene under for å melde deg på:

På konferansen vil du mellom anna få meir informasjon om korleis reforma og nasjonale satsingar kan støtte opp under utviklinga av samskapande prosessar i kommunane, døme på korleis ein kommune har jobba med samskaping, KS sitt nye framtidsverktøy og tryggleiksstandarden. Korleis næringslivet og kommunane kan jobbe i lag blir også tema, før vi avsluttar med ein kafédialog.

Programmet finn du under «Dokument».