Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Korleis måle effektar og resultat av lokale tiltak i Leve heile livet-reforma?

Statsforvalteren i Trøndelag etter oppdrag frå Helsedirektoratet har utarbeidd ein rettleiar for korleis kommunane kan følgje opp lokale tiltak i gjennomføringa av Leve heile livet-reforma.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.08.2022

Hovudfokuset i Leve hele livet  - en kvalitetsreform for eldre er å skape eit meir aldersvenleg Noreg, og finne nye og innovative løysingar på dei kvalitative utfordringane knytt til aktivitet og fellesskap, mat og måltid, helsehjelp, samanheng i tenestene og overgang i tenestene.

Rettleiingsmateriellet er laga for å gje inspirasjon, kunne følgje med på, og følgje opp resultat og effektar av lokale tiltak i reforma. Rettleiaren kan også hjelpe med å finne ut om det er behov for å justere tiltak som ikkje oppnår ønskt effekt.

Du finn rettleiaren på ressursportal.no.