Trygge leiarar i skulen
Fagdag om mellomleiaren si rolle i førebygging og handtering av mobbing
Publisert 11.08.2026
Statsforvaltaren i Vestland arrangerer, saman med RKBU Vest, RVTS Vest og mobbeomboda i Vestland, to fagdagar for skuleleiarar hausten 2026. Fagdagane skal gi deg som leiar auka kompetanse og tryggleik i saker som handlar om elevane sitt skulemiljø.
Det er mogleg å velje mellom to datoar, på to ulike lokasjonar: 17. november på Vestlandshuset i Bergen eller 24. november på Rådhuset i Førde. I etterkant av fagdagane blir det arrangert ein digital workshop 4. februar 2027.
Deltaking på fagdagen er gratis. Du finn meir info om innhald og påmelding ved å følgje denne lenka: Trygge ledere - fagdag om mellomlederens rolle i forebygging og håndtering av mobbing - Norce.
Kontaktpersonar
-
Geir Erland
Tlf: 55 57 20 11