Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Obligatorisk gjennomføring av kartleggingsprøvar for 3. trinn i oktober 2022

I tråd med innføring av nye læreplanar er det utarbeida nye, digitale kartleggingsprøvar. I haust er det obligatorisk for 3. trinn å gjennomføre kartleggingsprøvar i lesing (norsk og samisk) og rekning.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.08.2022

Gjennomføring, påmelding og resultat

  • Påmeldinga gjer de i PAS-prøver
  • Det er opent for påmelding frå 5. september til 27. oktober
  • Gjennomføringsperioda er i veke 40 – 43 (3. oktober - 28. oktober)
  • I gjennomføringsperioda er prøvane opne mellom klokka 8 og 17
  • Resultata for elektroniske prøvar finn de i PAS-prøvar, under «Resultater»

Fritak frå prøvane er avgrensa

Sidan kartleggingsprøvane i lesing og rekning på 3. trinn er obligatoriske for alle elevar, er høve for fritak avgrensa. Rektor kan vurdere å frita elevar som allereie har

  • enkeltvedtak om rett til spesialundervisning
  • enkeltvedtak om særskilt språkopplæring for språklege minoritetar

I tillegg må det vere klart at resultatet frå prøven som eleven blir friteken frå, ikkje vil ha noko å seie for opplæringa til eleven.

Elevar med enkeltvedtak skal ikkje automatisk få fritak frå kartleggingsprøvene. Rektor skal i samråd med læraren gjere ei særskilt og individuell vurdering av om resultata til elevane med enkeltvedtak kan vere nyttige i tilrettelegging av opplæringa. Gå inn på Utdanningsdirektoratet sine heimesider for meir informasjon.

Kartleggingsprøvar på samisk

Det er utarbeida eigne kartleggingsprøvar i lesing på nord-, sør- og lulesamisk.

Kartleggingsprøvane i rekning er oversett og tilpassa nord-, sør- og lulesamisk. Skulen må melde på elevar i PAS – prøvar med rett kode.

Tilgangar i PAS-prøvar

I PAS-prøvar har kommunenivået tilgang til å tildele roller nedover i systemet.

Vi vil oppmode om at kommunen ser til at alle som treng det er tildelt rolle, og har tilgang i systemet, i god tid før gjennomføringsperioda startar. Statsforvaltaren tildeler rolle til skuleeigar/kommune, og til rektor ved private skular.

Brukarstøtte

Dersom det skulle oppstå uforutsette hendingar i gjennomføringsperioda, tek skuleleiar/rektor kontakt med skuleeigar/kommunen. Ved behov tek skuleeigar/rektor ved private skular kontakt med Statsforvaltaren. Kontaktpersonar hjå Statsforvaltaren er oppført i høgre blokk.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om kartleggingsprøvane på Utdanningsdirektoratet sine heimesider.