Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Endringar i tilskotsordninga for vidareutdanning

For å kunne ta imot tilskot til vidareutdanning må kommunar og private skuleeigarar etablere lokale prosedyrar.

Publisert 02.02.2026

Tilskotsordninga skal styrkje kompetansen hos tilsette i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring. Udir fordeler midlar til kommunar og private skular, men ansvaret for planlegging, prioritering og oppfølging ligg no i større grad lokalt.

Lokalt ansvar for prosedyrar og prioriteringar

Kommunar og private skuleeigarar skal utarbeide og gjennomføre lokale prosedyrar, mellom anna ved å:

  • informere tilsette om ordninga
  • etablere lokale søknadsprosessar
  • vurdere og prioritere deltaking ut frå lokale kompetansebehov

Som barnehagemynde har kommunen òg ansvar for å sikre at private barnehagar blir omfatta av dei same prosessane, og at behova deira blir vurderte på lik line med kommunale barnehagar.

Udirs tidlegare søknadssystem er ikkje lenger i bruk.

Bruk av tilskotsmidlar

Tilskotsmidlane skal nyttast til studiepoenggivande vidareutdanning som er relevant for både verksemda og den tilsette. Behovsvurderingar skal byggje på samla og inkluderande prosessar, og sjåast i samanheng med annan kompetanseutvikling.

Bruken av midlane skal vere i tråd med rammeplanar og læreplanverk. Samiske perspektiv skal inngå der det er relevant.

Kommunar og private skuleeigarar har ansvar for å avklare lokalt korleis midlane blir nytta, mellom anna til frikjøp, stipend og tilrettelegging.

Informasjonsmøte frå Udir

Utdanningsdirektoratet held eit digitalt informasjonsmøte om ordninga fredag 05.februar kl. 10.00-10.45. Møtet tek for seg endringane og forventningane til eigarane, og vil vere tilgjengeleg også i etterkant.

Møtet er særleg relevant for kommunar som barnehagemynde og for private skuleeigarar.

Program og påmelding

Viktige fristar

  • Innan 1. mars: Tilskotsmottakarane får melding om storleiken på tilskotet
  • 15. april: Frist for å takke ja eller nei til tilskot
  • Før 15. april: Tilsette som får prioritet søker studieplass direkte til studiestad
  • Mai/juni: Utbetaling av tilskot

Tilsette som blir prioriterte, søkjer sjølve studieplass direkte til studiestaden.

Statsforvaltaren oppmodar kommunar og private skuleeigarar til å starte arbeidet tidleg, slik at nødvendige prosedyrar er på plass når midlane blir fordelte.

I høgre meny finn du meir informasjon om ordninga. Ta gjerne kontakt med oss ved spørsmål.