Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Familievern

Oppdatert 05.01.2024

Familievernkontora gir tilbod om behandling og rådgiving ved vanskar, kriser og konfliktar i familien. Kontora meklar også i samband med skilsmisse eller samlivsbrot eller i barnefordelingssaker. Tilbodet er gratis.

Statsforvaltaren fører tilsyn med verksemda ved familievernkontora i fylket. Vi har tilsynsbesøk ved kvart familievernkontor minst kvart tredje år. 

Vis meir


Publisert 30.03.2021, Sist endra 07.04.2021

Kartleggingstilsyn med familievernkontora i 2020

I kartlegginga kom det fram at alle familievernkontora hadde sett i verk tiltak for å sikre at dei som treng det kunne få kontakt med og hjelp frå familievernkontora. Vi peika i rapporten på at det er sårbart at det gjekk lang tid før nokre av familievernkontora var tilbake til normal opningstid.