Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Rydda vekk tvil om vannscooterforbod i Færder nasjonalpark

Vannscooter. Foto: Free image pixabay
Vannscooter. Foto: Free image pixabay

No har domstolane rydda bort juridisk tvil om vannscooterforbodet i nasjonalparken.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.06.2021

Ei hending med brot på forskrifta i Færder nasjonalpark i 2020 der den sikta sådde tvil om lovverket var gyldig, har no vorte gjennomgått av domstolane.

Rettsavgjerda har fjerna all juridisk tvil om forbodet i Færder nasjonalparkar og andre nasjonalparkar. Les meir på Færder nasjonalpark sin heimeside.

Kjøyring i og nært verneområder er forbode

Statsforvalteren får mange spørsmål rundt vannscooter. Bruk av vannscooter er regulert i eiga forskrift. Der kjem det fram mellom anna at: 

Køyring med vannscooter og liknande motordrevne fartøy ikkje skal skje i verneområde og i eit heildekkande belte på 400 meter frå alle verneområde. For verneområde i større vassdrag og innsjøar gjeld ein avstand på 500 meter.

 

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
[email protected]

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding