Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Fjellandbrukssatsing i Vestfold og Telemark

Fjellandskap og fjellvann
Foto: Kari Mette Holm.
Oppdatert 29.01.2026

Frå 2025 er fjellandbruksmidlane overførte til Trøndelag fylkeskommune, som har ansvaret for den nasjonale potten. Kvart fylke som er med i ordninga, har nokre midlar til eigne tiltak. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark deltek i vurdering og prioritering av søknadene. Hjartdal, Fyresdal, Tinn, Tokke, Seljord og Vinje er fjellkommuner i Telemark.

Midlane blir lyste ut i januar 2026. Det blir halde eit søkjarseminar på teams for ordninga 29.01.2026.

Føremålet med fjellandbruksordninga er å bidra til berekraftig landbruk og til utnytting av ressursane på gardsbruka, med utgangspunkt i moglegheitene og utfordringane fjellandbruket står overfor.

Fjellandbruksmidlane skal i 2026 støtte kunnskapsbygging og tiltak som:

  • bidreg til auka verdiskaping og beredskap
  • styrkjer seterbruken
  • gir auka utnytting av utmarksbeiteressursane
  • gir auka attraktivitet, skaper optimisme og styrkjer rekrutteringa
  • bidreg til klimatilpassing, god agronomi og tilpassa drift

Prosjekt som får støtte, skal byggje opp under ei heilskapleg og fylkesovergripande satsing på fjellområda.

Kven kan søkje?

  • Faglaga i landbruket, organisasjonar, rådgjevingsaktørar, FoU-institusjonar, kommunar, vidaregåande skular og føretak som samarbeider om å fremje fellesgode, kan søkje.

Kva kan få støtte?

  • Forprosjekt og hovudprosjekt med ei varigheit på inntil tre år, og som direkte eller indirekte støttar føremålet og prioriteringane i ordninga
  • Det blir ikkje gitt støtte til ordinær drift eller fysiske investeringar. Det blir heller ikkje gitt støtte til einskildståande studieturar eller til skiping av konferansar og festivalar.

Støtteandel

  • Det kan maksimum givast 50 prosent i tilskot av godkjent budsjett.
  • Resterande finansiering kan vere kapital eller timeinnsats frå deltakarane.

Kor og når kan ein søkje?

  • Det kan søkjast digitalt i portalen www.regionalforvaltning.no
  • Ordninga blir lyst ut av Trøndelag fylkeskommune
  • Søknadsfristen er 15. mars 2026, og portalen er open frå 1. februar

Korleis går søknadsprosessen føre seg?

  • Søknaden må innehalde ei skildring av mål, tiltak, eigarskap og deltaking, korleis resultata skal nyttast, kostnadsbudsjett og finansieringsplan
  • Fullstendig prosjektskildring og andre relevante dokument kan lastast opp i portalen.

Kven avgjer, og korleis blir søknaden vurdert?

  • Søknadene blir tekne imot og handsama av Trøndelag fylkeskommune
  • Søknadene blir vurderte, prioriterte og innstilte av eit panel med representantar frå statsforvaltarane og fylkeskommunane.