Vi har fått nytt nettsted. Dette nettstedet blir ikke lenger oppdatert. Du finner oss på statsforvalteren.no.

Nav-rettleiarar inn i skulen

Frå hausten av er det Nav-rettleiarar på plass i vidaregåande skular i alle fylke. Målet er å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.07.2015

Ein av tre som startar i vidaregåande skule, fullfører ikkje. Bakgrunnen kan for mange vere ei opphoping av dårlege levekår, psykiske vanskar og sosiale problem som dei treng hjelp til å løyse. Utdanningsdirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet  samarbeider om forsøket med eigne rådgivarar i skulane for å sikre elevane tilgang til aktuelle tiltak og tenester frå Nav.

Føremålet med forsøket er å

  • førebygge fråfall i vidaregåande opplæring og integrere ungdom i arbeidslivet
  • få kunnskap om behov for, og bruken av tiltak og tenester frå Nav i kombinasjon med tilrettelagt opplæring frå fylkeskommunen
  • prøve ut ein modell for tverrfagleg samarbeid
  • få kunnskap om omfanget av levekårsproblem og sosiale problem blant elever i vidaregåande skular

Nav-rettleiarane skal ha arbeidsstad ved den vidaregåande skulen fire dagar i veka og ein dag i veka ved Nav-kontoret. Arbeidet med elevane skal vere ein integrert del av skulen si oppfølging av elevane, og rektor skal kunne bruke Nav-rettleiaren som ein del av skulens heilskaplege elevteneste.

Forsøket med Nav-rettleiarar har alt vore utprøvd i Tromsø, Stavanger og Jessheim. No har Arbeids- og velferdsdirektoratet og Utdanningsdirektoratet i samarbeid med Fylkesmannen valt ut vidaregåande skular og tilstøytande Nav-kontor over heile landet.

Forsøket skal gå over tre år, frå 2015 til 2017.