Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Klagesak: Statsforvaltaren opprettheld Stavanger kommune sitt vedtak om å ettergodkjenne naustet til sauebonden på Sør-Bokn

I klageavgjerda har vi lagt vekt på at naustet ikkje kjem i vesentleg konflikt med natur- og friluftslivinteresser i området. Statsforvaltaren har i tillegg lagt vekt på at naustet må sjåast på som eit nødvendig tiltak for å kunne oppretthalde verksemda med beitedyr på folketomme øyer og holmar i området.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.09.2021

Saka gjeld klage på Stavanger kommune sitt vedtak om å ettergodkjenne eit naust som blei oppført i strandsona på ein landbrukseigedom på Sør-Bokn utan nødvendig løyve frå kommunen.

Tidelegare Finnøy kommune ga i 2010 løyve til å oppføre naustet, men dette løyvet var forelda då tiltakshavar starta å bygge naustet.    

Tiltakshavar fremma seinare ein ny søknad om løyve som blei avslått av Statsforvaltaren i 2019, då naustet slik Statsforvaltaren såg det kom i konflikt med strandsoneinteressene i området.    

Stavanger kommune ga seinare løyve til naustet etter at tiltakshavar fremma ein ny søknad med nye opplysningar om at naustet var nødvendig for å kunne oppretthalde verksemda med beitedyr på eigedommen. Kommunen sitt vedtak blei klaga på til Statsforvaltaren av ein nabo.

I vårt nye vedtak heiter det avslutningsvis:

«Statsforvalteren legger til grunn at sauebeiting på de øyene og holmene det her er tale om bidrar til å holde kulturlandskapet åpent slik at det biologiske mangfoldet i området ivaretas og ikke forringes. Dette er også påpekt av Statsforvalterens landbruksavdeling i forbindelse med behandlingen av klagesaken.

Naustet skal etter det opplyste brukes til lagring av båt og utstyr til bruk i forbindelse med ettersyn av tiltakshavers sauer. Slik Statsforvalteren ser det vil naustet bidra til å sikre tiltakshavers muligheter for å kunne ha sauer på beite på de aktuelle øyene og holmene.

Statsforvalteren ser det videre slik at naustet i et driftsperspektiv framstår som den beste løsningen når det gjelder lagring av båt og det utstyr som ellers trengs i forbindelse med ettersyn av de aktuelle sauene. Etter en samlet vurdering er Statsforvalteren kommet frem til at fordelene ved å dispensere er klart større enn ulempene.» 

 

Vedtaket finn du vedlagt.