No kan Rogaland få to nye naturreservat
To verdifulle skogområde i Sandnes og Hjelmeland er eitt steg nærare vern. Målet er å ta vare på sjeldan natur, samstundes som folk framleis skal kunne bruke områda til enkle naturopplevingar.
Dei to områda er Djupalia i Sandnes og Riskadalsvatnet i Hjelmeland. Høyringa har vist brei støtte til vernet, og det har ikkje kome inn motsegner til forslaga.
– Frivillig skogvern er ei ordning som fungerer svært godt. Grunneigarane vel sjølve å tilby område med store naturverdiar for vern, og det gir gode prosessar og brei oppslutning. At det ikkje har kome motsegner i denne saka, viser at det er mogleg å ta vare på verdifull natur gjennom samarbeid, seier seniorrådgjevar Solbjørg Engen Torvik.
To skogar med store naturverdiar
Dei to områda omfattar til saman om lag 1 670 dekar skog. Begge har rike edellauvskogar med gamle tre, mykje død ved og leveområde for ei rekkje trua og nær trua artar.
– Gamle edellauvskogar er blant dei mest artsrike naturtypane vi har. Når slike område får utvikle seg naturleg over lang tid, blir dei leveområde for artar som ikkje kan overleve andre stader, seier Torvik.
Kva betyr dette for deg?
For dei fleste som bruker områda til friluftsliv, vil eit vern ha lite å seie i kvardagen. Det er framleis lov å ferdast til fots og oppleve naturen, men naturreservat gir eit sterkare vern mot inngrep som kan skade naturverdiane.
– Målet er ikkje å stenge folk ute frå naturen. Tvert imot ønskjer vi at folk skal kunne oppleve desse områda også i framtida. Vern handlar om å ta vare på naturen, slik at han ikkje gradvis blir bygd ned eller mister dei verdiane som gjer han unik, seier Solbjørg Engen Torvik.
Djupalia – ein sjeldan skog langs Lysefjorden
Djupalia ligg på nordsida av Lysefjorden i Sandnes kommune og omfattar om lag 1 450 dekar. Området har rik edellauvskog med mellom anna ask, alm, lind, hassel og eik. Her finst mange gamle tre, og det varme og fuktige lokalklimaet gir gode forhold for sjeldne artar.
– Djupalia er ein heilt spesiell skog. Kombinasjonen av den bratte lia, Lysefjorden og det milde klimaet skaper levevilkår for mange varmekjære artar. Samtidig gir gamle tre og død ved viktige leveområde for mosar, lav og insekt, seier Torvik.
Djupalia har ingen merkte stiar eller annan tilrettelegging for friluftsliv. Området er bratt og lite tilgjengeleg.
– Djupalia er først og fremst ein naturperle som har fått utvikle seg nesten på naturen sine eigne premissar. Nettopp derfor har området så store naturverdiar i dag, seier Torvik.

Djupalia. Foto: Ecofact
Riskadalsvatnet – eit skattkammer for sjeldne artar
Riskadalsvatnet ligg ved Årdal i Hjelmeland kommune. Området har svært høge naturverdiar og er kjent for eit rikt mangfald av sjeldne lav- og moseartar. Her finst òg den kritisk trua irsk hinnelav, og området blir brukt til forsking for å styrkje bestanden av arten.
– Riskadalsvatnet er eitt av dei mest verdifulle edellauvskogområda vi har i Rogaland. Her lever artar som berre finst nokre få stader i landet, og difor er det ekstra viktig å sikre naturen for framtida, seier Torvik.
Ved Riskadalsvatnet går den populære turvegen langs vatnet utanfor verneområdet. Han blir ikkje omfatta av vernet, og det vil framleis vere mogleg å bruke området til enkle naturopplevingar.
– Vi har vore opptekne av å finne ei avgrensing som tek vare på dei viktigaste naturverdiane, samtidig som den mykje brukte turvegen kan brukast som før. Det meiner vi er ei god løysing, seier Torvik.
Kva skjer no?
Miljødirektoratet skal no vurdere saka før ho går vidare til Klima- og miljødepartementet. Det er Kongen i statsråd som tek den endelege avgjerda om områda blir naturreservat.
– Vern handlar om å ta vare på natur som det tek hundrevis av år å utvikle. Når slike område først blir øydelagde, er dei i praksis umoglege å få tilbake. Difor er dette eit viktig arbeid både for naturen og for kommande generasjonar, seier Torvik.
Eventuelle merknader til verneforslaga skal no sendast direkte til Miljødirektoratet ([email protected]), med kopi til Statsforvaltaren i Rogaland ([email protected]).