Stein og sånn - Godt oppmøte på konferanse for mineralnæringa

Fylkesmannen i Rogaland har i samarbeid med Rogaland fylkeskommune arrangert konferansen Stein og Sånn for mineralnæringa som del av arbeidet mot meir samordna, berekraftig og langsiktig forvalting av mineralråstoff i Rogaland. Sentrale tema for konferansen var nasjonal politikk, lover, forskrifter og rettleiing i massehandtering og sirkulærøkonomi.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.05.2019

Det var ca. 70 deltakarar frå både privat og offentleg sektor, med representantar frå konsulentbransjen, entreprenørar, pukkverk, mineralutvinning, kommunar, fylker, statleg forvalting og forskningsinstitutt.

Konferansen blei veldig godt mottatt og viste seg å vere eit bra samlingspunkt der både utfordringar og framtidsutsikter for mineralnæringa blei diskutert. Det er planlagt årlege arrangement for mineralnæringa med fokus på ulike tema som næringa sjølv ønsker å ta opp.

Initiativtakar og hovudansvarleg for konferansen er May Britt Jensen, fylkesmiljøvernsjef hos Fylkesmannen i Rogaland.

For spørsmål, ta kontakt med Maryon eller Julie:

Maryon Paulsen Strugstad
[email protected]
Tlf. 51516698 | Mob. 95261460

Julie Jacobi Jonstrup
[email protected]
Tlf. 51568829

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar:

Maryon Paulsen Strugstad, Rogaland fylkeskommune
[email protected]
Tlf. 51516698 | Mob. 95261460

Julie Jacobi Jonstrup, Fylkesmannen i Rogaland
[email protected]
Tlf. 51568829