Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Vedlikehaldskontroll av skogsbilvegar

Fylkesmannen gjennomfører vedlikehaldskontroll av skogsbilvegar som har mottatt statstilskot. I alt 7 skogsbilvegar er plukka ut for kontroll i haust fordelt rundt om i fylket.

Publisert 22.08.2017

Det er slik at tilskot til skogsvegbygging blir gitt med vilkår om at vegane skal vedlikehaldast i den standard dei opphavleg blei bygd, jf. "Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket". For å følgje opp dette gjennomfører Fylkesmannen ein stikkprøvekontroll av vedlikehaldet på skogsbilvegar rundt om i fylket. Det er skogsbilvegar bygd i perioden 2003-2007 som er trekt ut. Kontrollen skjer i samarbeid med kommunane og skogbruksansvarleg. Det blir i desse dagar sendt ut varsel om vedlikehaldskontroll. Gjennomføringa av kontrollen vil bli i løpet av oktober.

Eit godt vedlikehald er viktigare enn nokon gong. Meir og konsentrert nedbør sett store krav til at både kuv på vegbanen, grøfter og stikkrenner fungerer for å unngå store skadar på skogsvegnettet vårt. Men ikkje minst at vi har eit skogsvegnett som fungerer og sikrar ein effektiv og rasjonell uttransport av tømmer ut av skogen.

Kontaktpersonar