Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Jordbruksoppgjeret og økologisk landbruk

Tilskotssatsar for nokre produksjonar kjem til å auke. Det blir gitt tilskot for 1.års karens-areal. Midlar for utviklingstiltak innan økologisk er uforandra. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.05.2018

Partane blei enige om jordbruksoppgjeret for fordelinga 2018-2019. Her kjem ei kort oversikt om kva dette betyr for økologisk landbruk. 

Staten har auka satsane for desse produksjonane:

  • Mjølkekyr med kr 200, frå kr 3 000 til kr 3 200 per dyr
  • Korn til modning med kr 50, frå kr 325 til kr 375 per daa
  • Grønsaker, frukt og bær med kr 100, frå kr 1 500 til kr 1 600 per daa
  • Poteter med kr 100, frå kr 600 til kr 700 per daa
  • Tilskot for 1.års karensareal på kr 150 per daa


Tilskotet for økologisk kjem i tillegg til ordinært produksjonstilskot. Fordelinga for 2018-2019 finn du på regjeringen sin nettstad. Gjeldane satsar og fristar for produksjonstilskot på Landbruksdirektoratet sin nettstad.

Tilskotssatsar 2018-2019 økologisk landbruk

Midlane til prosjekt for utviklingstiltak innan økologisk på  31 millionar kronar er uforandra.