Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

"Brød og fisk"

… var temaet for den praktiske matlagingsdelen på økologisk matkurset for tilsette i barnehage og SFO på Karmsund vidaregåande skole.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.06.2014

På kurset lærte 19 tilsette i barnehage og SFO om berekraftig mat, menyplanlegging ut frå økologiske råvarer, fekk tips om kor ein får tak i økologiske produkt og skreiv eigen handlingsplan for barnehagen eller deira SFO. Ann Kersti Oreberg, frå Soria Moria steinerbarnehage i Haugesund, fortalte frå praksisen i ein nesten heilt økologisk barnehage.

I den praktiske delen med kursholdar Margit Vea, fekk deltakarane mange gode praktiske tips og ikkje minst inspirasjon til å lage mat frå botn med økologiske råvarer. Langtidshevde brød utan elting, frø som med enkle grep blir til "knask" og lettvinte fiskeretter stod blant anna på menyen.