Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Utlysing av midlar til regionale klima- og miljøtiltak 2021

Statsforvaltaren i Rogaland har 800 000 kr frå klima- og miljøprogrammet til å støtte regionale prosjekt i 2021. Frist for å søkje er 15. mars.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.01.2021

Regionale prioriteringar

Søknadar som støttar strategiar i Regionalplan landbruk og Regionalt bygdeutviklingsprogram kan få støtte. I 2021 ønskjer vi særskilt å få inn søknadar på følgjande område:

  • Fellestiltak som mobiliserer jordbruket til auka miljøinnsats for redusert tap av næringsstoff til sårbare vassdrag
  • Prosjekt som mobiliserer til reduksjon av klimagassutslepp i jordbruket
  • Prosjekt innan følgjande tema:
    • Informasjonstiltak om rett og god bruk av husdyrgjødsel
    • Kartlegging av avdrift frå spreiing av husdyrgjødsel med gjødselkanon. 
    • Kartlegging av effekt av vipetiltak. Til dømes effekten av bruk av vipediskar ved miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel og effekten av vipestriper i regionalt miljøprogram

Statsforvaltaren kan støtte inntil 70 prosent av den totale kostnadsramma for prosjektet, og vi viser til retningslinjene for ordninga.