Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Prosjektstøtte i 2023 til klima- og miljøtiltak

Hålandsvatnet.
To prosjekt som handlar om Hålandsvatnet har fått prosjektstøtte i 2023. Foto: Monica Dahlmo / Statsforvaltaren i Rogaland.

Statsforvaltaren har løyvd midlar til ni ulike prosjekt som skal bidra til å løyse klima- og miljøutfordringane i Rogaland.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.04.2023

Statsforvaltaren blei tildelt 600 000 kr til klima- og miljøprogrammet, KMP. I tillegg er det dratt inn midlar frå tidlegare, ikkje gjennomførte tiltak. Det blei sendt søknadar for over 1,3 millionar kroner i 2023.   

Desse prosjekta har fått støtte

NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING ROGALAND Avlingsregistrering med sikte på å finne fosforbalanse i nedslagsfeltet til Hålandsvatnet                               63 975
NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING ROGALAND Rådgiving til bønder i nedslagsfeltet til Hålandsvatnet om miljøtiltak i eigen drift                               94 800
NIBIO FURENESET Avrenning av nitrogen og fosfor frå jordbruksareal i Rogaland                               75 000
TYSVÆR KOMMUNE TEKNISK Frivillige tiltak i landbruket - Haugalandet                               13 000
KLEPP KOMMUNE Kartlegging av lagringsforhold for surfôr (silosaftprosjektet)                               36 000
MAGNUS SØYLAND Seminar om jordflytting i sør- Rogaland                               66 114
NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING ROGALAND Praktiske utprøvingar av biogjødsel                               69 000
GRØNT RÅD AS Redusert avrenning fra veksthus, - oppfølging av gartnerne i Rogaland                             100 000
HÅ KOMMUNE LANDBRUKSKONTORET Frivillige tiltak i landbruket                             198 080
  SUM                             715 969

Kort om regionale klima- og miljøtiltaksmidlar

Statsforvaltaren i Rogaland forvalter årleg om lag 600 000 kr som kan brukast til å støtte prosjektsatsingar innanfor klima og miljø. 

Måla for midlane er å bidra til:

  • At produksjonen av mat skal skjer med god ressursbruk og minst mogleg forureining, klimagassutslepp og tap av biomangfald
  • Å auke miljøtenestene frå landbruket som kulturlandskap, biologisk mangfald i kulturlandskapet, binding av karbon og produksjon av biogass.
  • Å tilpasse agronomi og dyrkingssystem til endra klima, med sikte på å oppretthalde eller auke matproduksjonen og ta vare på ressursane.