Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Vil du arbeide med miljøtiltak i landbruket?

Grassoner langs vassdrag er eit av fleire tiltak bøndene kan få regionalt miljøtilskot for. Foto: Monica Dahlmo

Hå kommune har i samråd med dei andre jærkommunane lyst ut fast deltidsstilling i satsinga "Frivillige tiltak i landbruket". Stillinga går i hovudsak ut på å motivere bønder til å gjere miljøtiltak som gangar vassdraga i Jæren vassområde.    

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.11.2023

Frivillige tiltak i landbruket samarbeider tett med Jæren vassområde, og består av to 60 %- stillingar. Satsinga er sentral i arbeidet med følgje opp vassforskrifta i Rogaland. 

Arbeidsoppgåvene går hovudsakeleg ut på å:

  • Informere om finansieringsordningar for tiltak som kan redusere ureining og skjøtte viktige kulturlandskapselement.
  • Peika på risikomoment i høve til ureiningssituasjonen i vassdraga og informere om gjeldande forskrifter.
  • Motivere til investeringar i tiltak som kan redusere ureininga.
  • Motivere til driftstilpassingar som reduserer faren for ureining.
  • Fremme prosjekter som bidrar til å betre vasskvalitet i vassdrag.

Stillingsannonse

På heimesida til Hå kommune finn du stillingannonsen.