Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Mentorordninga- ein tryggleik for nyutdanna veterinærar

Veterinær Kay Arne Aarset behandlar ei ku.
Ein mentor gir nyutdanna tryggleik, fagleg støtte og kollegialitet. Veterinær Kay Arne Aarset behandlar ei ku. Foto: Kay Arne Aarset.

Den norske veterinærforeininga fekk i oppdrag av Landbruks- og matdepartementet å oppretta «Mentorprosjektet». No har sluttrapporten frå prosjektet blitt publisert, og veterinærforeininga anbefaler vidareføring av ordninga via offentleg støtte, og samarbeid med Norges miljø-og biovitenskapelige universitet, Geno og offentleg forvalting. 

 

Publisert 04.11.2025

Det er utfordrande å rekruttera og behalde veterinærar til stordyrpraksis, spesielt i distrikta. Mentorprosjektet blei etablert for å støtta veterinærstudentar og nyutdanna veterinærar til å jobba med produksjonsdyr. Prosjektet skulle utvikla eit system som tar vare på, og vidareutviklar ei mentorordning i distrikta, samt bidra til auka rekruttering av veterinærar til stordyrpraksis. Ifølgje rapporten presiserte Landbruks- og matdepartementet at systemet skulle skalerast opp til nasjonal permanent ordning.

Mål og resultat

Tildelingsbreva frå departementet har definert fire konkrete mål for prosjektet: 

  1. Ei utplasserings- og mentorordning som etablerer kontakt og utveksling av erfaring mellom veterinærstudentar/nyutdanna veterinærar, erfarne veterinærar og produksjonsdyrbransjen.
  2. Eit system som kan koordinere behov for veterinærtenester og arbeidskraft, behov for studentpraksis, interesse for arbeid i produksjonsdyrpraksis og interesse for å bidra som mentor på nasjonalt nivå.
  3. Kurs- og nettverkstilbod for mentorar.
  4. Refusjonsordning for inseminasjonskurs og ei vurdering av kursporteføljen som trengst for praksis med vakt.

Rapporten beskriv korleis måla er oppnådd og peikar på utfordringane med å etablera mentorordning i distrika. Resultatet av prosjektet viser auka interesse for å jobba med stordyrpraksis i distrika, har styrka fagleg nettverk og fått positiv respons blant deltakarane.

Totalt blei det gjennomført 42 mentorsamarbeid, ingen av desse var i Rogaland.

Sluttrapporten finn du her

Usikker framtid for mentorprosjektet

I statsbudsjettet for 2026 er det foreslått at 4 millionar kroner av stimuleringsmidlane øyremerkast tiltak som kan betre tilgangen til veterinærtenester i distrikta. Det er ein reduksjon på 1 million kroner frå 2025. Veterinærforeininga er bekymra for konsekvensane for vidareføring av mentorprosjektet.