Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Landbruksdirektoratet lanserte nye nettsider 22. januar

Føremålet med endringa er å gjera nettsida meir intuitiv og lettare for bonden og forvaltninga å finna det ein leitar etter.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.01.2021

I samband med lanseringa av den nye nettsida er det gjort ein del endringar for å få ein lik struktur på rundskriva frå Landbruksdirektoratet. Rundskriv 2020-28 med kommentarar til regelverk for produksjons- og avløysartilskot og Rundskriv 2020-29 om saksbehandling av produksjons- og avløysartilskot er gjennomgått. Rundskriva er berre omstrukturerte, men er uendra innhaldsmessig.

For inneverande søknadsår for produksjons- og avløysartilskot kan ein velja å visa til rundskrivet på dei nye nettsidene, eller til rundskrivet på den gamle versjonen. Den gamle versjonen er tilgjengeleg nedst på sida for det nye rundskrivet (under overskrifta "arkiv")

Kontaktpersonar