Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Endeleg nei til planting av juletre på matjord i Klepp

Ein juletreprodusent i Klepp får ikkje utvide produksjonsarealet sitt på dyrka jord. Landbruksdirektoratet støttar eit vedtak frå Fylkesmannen i Rogaland og sier også nei til omdisponering av jordbruksareal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.12.2016

I eit vedtak frå februar i år ga Klepp kommune løyve til at ein juletreprodusent kunne ta i bruk 36 dekar dyrka jord til juletreplanting. Fylkesmannen gjorde om kommunen sitt vetak, og meinte at det ikkje var «særlige tilfelle» som tilsa at jordbruksinteressene burde vike i saka, slik det heiter i jordlova § 9.

Landbruksdirektoratet stadfestar no Fylkesmannen sitt vedtak. Landbruksdirektoratet meiner løyve til omdisponering for produksjon av juletrær vil vere i strid med målet om auka matproduksjon, og legg avgjerande vekt på dette ved vurderinga etter jordlova.