Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Dekk og Diesel kostar!

Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO) har utført ein analyse av køyrekostnadar i mjølkeproduksjon som viser kor mykje «Dekk og Diesellandbruket» kostar for bonden.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.10.2015

I prosjektet blei 35 mjølkebruk i Klepp kommune, og 15 i Kvinnherad analysert. Som tabellen visar er det skilnader mellom desse 2 bygdene. Det kjem fram at Kleppbonden skal transportera meir gjødsel og rundballar, medan bonden i Kvinnherad køyrer fleire kilometer.

Snittstal for ulike parametrar i Klepp og Kvinnherad

 

Klepp

Kvinnherad

Gjødsel som transporterast (m3)

1 810

1 280

Tal køyreturar med gjødsel

150

160

Avstand køyring av gjødsel (km)

520

930

Tal rundballar som transporterast

1 470

640

Tal køyreturar med rundballar

180

80

Avstand køyring av rundballar (km)

670

470

Køyring totalt (km)

1 190

1 400

Viss vi ser på køyrekostnader per kilometer så er tala for bygdene ganske like. I Klepp kostar det kr 19,63 å køyre ein kilometer med traktor; i Kvinnherad kr 18,39. Årsaka til at kostnaden per kilometer for køyring med gjødselvogn er høgare i Klepp enn i Kvinnherad, er på grunn vogna sin kapasitet. I Klepp er den på 12 tonn, medan i Kvinnherad er den på 7 tonn. Tilhengaren er derimot i like stor for begge; 8 rundballar à 0,8 tonn. Kilometerprisen for transport av gjødsel er kr 29,77 i Klepp, og kr 24,84 i Kvinnherad. Prisen for transport av grovfôr er kr 22,85 per kilometer i Klepp, og kr 21,61 i Kvinnherad.

Kostnader per kmTotalt ser køyrekostnadene slik ut:

Totale kostnader

Kostnadene er basert på utstyr med forskjellig kapasitet. Tek vi omsyn til ulik bruk av utstyr kostar det ein Kleppbonde kr 2,48 per kilometer å transportere eitt tonn med gjødsel, og kr 3,57 per kilometer for transport av eitt tonn med grovfôr. I Kvinnherad er tala henhaldsvis kr 3,55 og kr 3,38 per kilometer per tonn. Det er klart at det finnast store moglegheiter for å redusera køyrekostnadene ved ein betre arrondering av areala, slik at bøndene ikkje treng å køyre så langt for å drifte areala sine.

For å lese meir om denne analysen kan du klikke her  eller sjå på NIBIO si nettside.