Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Utbrot av svært alvorleg fjørfesjukdom på Jæren

Desse må nå takast inn i den aktuelle sona.
Desse må nå takast inn i den aktuelle sona. Foto: Iris-Adele Jess / Statsforvaltaren i Rogaland.

Mattilsynet varslar utbrot av den svært alvorlege fjørfesjukdommen Newcastlesjuke (Newcastle disease) i ei verpehønsbesetning i Klepp kommune. Risiko for smitte til menneske er svært låg, og det er trygt å eta egg og fjørfekjøt. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.09.2022, Sist endra 25.09.2022

Besetninga der sjukdommen er oppdaga er på 7 500 høns. Denne er nå bandlagt. Det er ikkje kjent kor smitten kjem frå. 

Tiltak for å hindra vidare smittespreiing

Det er Mattilsynet som koordinerer arbeidet med å avgrensa konsekvensane. Statsforvaltaren i Rogaland bidrar på vårt ansvarsområde, som råd om avfallshandtering og erstatningsordningar. 

Det er innført vernesone og observasjonssone rundt besetninga der smitten er påvist. I desse sonene er all transport av fuglar, rugeegg, konsumegg, fjørfekjøt og andre produkt som kan bidra til å spreia smitte forbode. 

Det blir også innført portforbod i sonene. Alle typar tamme fuglar må dermed haldast innandørs, eller i ei innhegning med tett tak og nettingveggar, viss dei er ute.

Meir informasjon

Mediekontakt