Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Over 400 nye statsborgarar skal feirast

Foto: Ivar Langvik / Statsforvaltaren i Rogaland.

Dei nye statsborgarne i Rogaland skal feirast i Kuppelhallen i Stavanger laurdag 11. juni. Dei kjem frå 19 rogalandskommunar. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.05.2022

Det er Statsforvaltaren i Rogaland som arrangerer seremonien årleg. Me markerer at nye medlemmer er tekne opp i det norske fellesskapet. Det er frivillig å delta.

Ein festdag

Det blir ei flott feiring med velkomst- og helsingstalar, musikalske innslag og sosialt samvær i Kuppelhallen i Stavanger. Statsforvaltar Bent Høie leiar seremonien. Stortingsrepresentant Tina Bru er årets hovudtalar.

19 kommunar i Rogaland er representerte i år

Dei over 400 festklare statsborgarane bur i 19 kommunar i Rogaland. Med venner og familie blir det rundt 1000 festdeltakarar i Kuppelhallen.

Det er ikkje berre familie og venner som stiller på ein dag som dette. Ordførarane frå dei kommunane som har påmelde statsborgarar deltek og.

Tid/stad

Laurdag 11. juni 2022 kl. 12.30 i Kuppelhallen, Stavanger. Programstart: kl. 13.00.

Slik fordeler dei nye statsborgarane seg på dei 19 kommunane

KOMMUNE

Antall

Bjerkreim

1

Eigersund

6

Gjesdal

4

Haugesund

18

Hjelmeland

1

Hå

9

Karmøy

15

Klepp

11

Randaberg

6

Sandnes

90

Sauda

3

Sokndal

1

Sola

30

Stavanger

188

Strand

13

Time

8

Tysvær

3

Utsira

1

Vindafjord

5

Billettinformasjon

Alle som har meldt seg på arrangementet får utdelt billettane sine i Kuppelhallen.

Anna informasjon

Det blir delt ut mat i foajeen når seremonien er over. Dette er matpakkar som ein skal ta med seg. Det blir ikkje høve til å setta seg ned for å eta i Kuppelhallen.