Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Kystverket får løyve til tiltak i sjø i Vanylven og Stad kommunar

Løyvet omfattar tiltak i tillknyting til etablering av landfall for leidning som skal føre vatn til Stad skipstunnel.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.10.2025

Tiltak skal gjerast ved til saman åtte lokalitetar, der to av dei er i Vanylven kommune i Møre og Romsdal (Skorgen og Åheim) og dei resterande er i Vestland fylke. Leidningane skal fungere som reservevassforsyning i kommunane når anleggsfasen til skipstunnelen er over.

Statsforvaltaren i Vestland har uttarbeid løyvet, men med innspel frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for dei lokalitetane som ligg i Møre og Romsdal.

Vedtak med løyve kan lesast via lenkja til høgre på sida.

Vedtaket kan klagast på av partane i saka eller andre med rettsleg klageinteresse til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, evt. e-post [email protected],  innan tre veker. 

Kontaktpersonar