Gratulerer til Rasmus Bård Dalen – tildelt Kongens Fortenestmedalje i sølv

Bård Dalen sammen med sin kone Ragnhild. I tillegg Andre Nevstad fra Hødd, ordfører Dag Vågen, Bjørn Oskar Haukeberg fra SFK og Karen-Marie Ekroll Hjelle fra Larsnes IL. Foto: Sunnmøre FK

Laurdag 14. juni fekk Rasmus Bård Dalen frå Larsnes tildelt Kongens Fortenestmedalje i sølv – ei høgtideleg og rørande stund under sumarsamkome på kaikanten i heimbygda.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.07.2025

Det var ein tydeleg overraska og rørt Rasmus som steig opp på scena, der ordførar Dag Vaagen stod for den offisielle overrekkinga. Publikum reiste seg i applaus – ei varm takk frå bygda til ein mann som har gitt så mykje, så lenge.

Gjennom over 40 år har Dalen vore ein utrettelig pådrivar for idrett, inkludering og fellesskap – både som leiar, trenar og initiativtakar. Han har vore sentral i utviklinga av viktige møteplassar som Larsnes stadion, kunstgrasbanen, Larsneshallen og Badehuset. I tillegg har han vore ein viktig kraft bak Hødd United – eit tilbod for utviklingshemma på Søre Sunnmøre – der han har vore hovudtrenar i over 15 år.

Med sitt varme engasjement og uløna innsats har han gjort ein forskjell for barn, unge og vaksne i bygda. Medaljen er ei velfortent anerkjenning for eit liv i teneste for fellesskapet.

Vi gratulerer så mye! 

Kontaktpersonar