Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Kurs i praktisk sakshandsaming av søknader om motorferdsel i utmark

Statsforvaltaren i Troms og Finnmark inviterer til kurs for alle kommunar i Noreg om praktisk sakshandsaming av søknader om motorferdsel i utmark.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.10.2025

Mann på ATV i skogkledd område
Statsforvaltaren i Troms og Finnmark inviterer til kurs i praktisk sakshandsaming av søknader om motorferdsel i utmark. Vi trur mange kommunar vil ha stort utbytte av kurset, og oppmodar dykk til å melde dykk på. Foto: Øistein Aasland / Statsforvaltaren i Vestland.

Kurset passar for både administrasjonen og politikarar som behandlar saker om motorferdsel i utmark. Gjennom konkrete døme får deltakarane innsikt i korleis sakshandsaminga kan gjerast enklare og meir effektiv.

 

Kurset finn stad onsdag 22. oktober 2025 kl. 12.00–14.00. Her kan du lese meir om kurset, og melde deg på.