Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Klimautfordringane er sentrale i kommunal planlegging

Statsforvaltaren har nyleg sendt eit forventningsbrev til kommunane, som samanfattar viktige punkt i kommunane sitt arbeid med klimaomstilling.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.08.2021

I  brevet har vi peika på følgjande:  

  • Klimaomstillinga krev klimaleiing og politisk forankring.
  • FNs berekraftmål skal vere grunnlaget for planlegginga.
  • Kommunane må sette ambisiøse mål i klima- og energiarbeidet.
  • Handlingsprogrammet må koplast til kommunebudsjettet.
  • Kommunane må utvikle klimarekneskap og klimabudsjett som verktøy. 
  • Arealforvaltinga er sentral for å nå klimamåla. 
  • Konkrete klimatiltak i jord- og skogbruk er viktige.
  • God folkehelse heng saman med innsatsen på klimaområdet.
  • Klimatilpassinga må omfatte alle relevante sektorar. 

Nyleg lanserte FNs klimapanel (IPCC) ein ny hovudrapport om klimaendringane i verda. For å møte klima- og miljøutfordringane må samfunnet gjennom ei omstilling. Kommunal planlegging er viktig for å redusere klimagassutslepp og førebu lokalsamfunna på klimaendringane. Kommunal planlegging må leggjast opp på ein måte som viser viktige samspel mellom utsleppsreduksjonar, naturmangfald og klimatilpassing.