Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Høyring av endring i fisketider i sjø og vassdrag

Miljødirektoratet har sendt ut forslag til mindre endringar i fiskereglane for fiske etter laks og sjøaure i sjø og vassdrag i Noreg. Det er ikkje forslag om endringar for fisket i Vestland. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.02.2023

Forskriftene for fiske i sjø og vassdrag, med blant anna fisketider, blir revidert kvart 5. år. Gjeldande forskrifter vart vedteke i 2021. I tråd med retningslinjene, kan det mellom hovudreguleringane opnast for heilt naudsynte endringar i forskriftene. 

Ingen endring i Vestland

Miljødirektoratet foreslår endringar i 23 vassdrag og to sjøregionar i Noreg. For Vestland er det ikkje foreslått endringar. Gjeldande forskrifter og fisketider finn du under lenkjer.

Frist for å komme med fråsegn er 28. mars 2023. Fråsegner skal leggast inn på nettsida til Miljødirektoratet.