Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Kartlegging viser miljøskadelege stoff ved akvakulturanlegg og notvaskeri

Foto: Statsforvaltaren i Vestland

Notimpregneringsmiddel og lusemiddel er funne i høge konsentrasjonar i miljøet ved fleire anlegg i Vestland.

 

Publisert 16.10.2025

Ein ny rapport frå Norsk institutt for vassforsking (NIVA) viser at miljøskadelege stoff frå oppdrettsnæringa kan hope seg opp i naturen. På oppdrag frå Miljødirektoratet har NIVA kartlagt førekomsten av slike stoff rundt fem oppdrettsanlegg og eitt notvaskeri i Vestland fylke.

Dei undersøkte stoffa blir brukte som impregneringsmiddel på nøter og som lusemiddel tilsett i fiskefôr. Kartlegginga viser at fleire av stoffa finst i konsentrasjonar som kan vere skadelege for miljøet.

Resultata peikar på behov for vidare oppfølging frå både næring og forvaltning.

Du kan lese heile rapporten på nettsidene til Miljødirektoratet.