Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Regjeringa ønskjer innspel om Bionova

Regjeringa har sett i gang arbeidet med å etablere ei ny finansieringsordning til støtte for klimatiltak i landbruket. Vi oppmodar næringsaktørar frå landbruket i Vestland om å kome med innspel i arbeidet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.03.2022

Eit viktig føremål med Bionova er at det skal vere eit verktøy for klimatiltak i jordbruket. Bionova skal også bidra til innovasjon og verdiskaping innan bioøkonomi, knytt til jordbruk, skogbruk og havbruk.

Landbruks- og matdepartementet leier utgreiingsarbeidet, i samarbeid med Nærings- og fiskeridepartementet, Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Finansdepartementet.

Innspel

Departementa ber om konkrete innspel, knytt til Bionova sine oppgåver og organisasjonsform:

  • Kva bør kjerneoppgåvene vere?
  • Kva utfordringar vert ikkje løyste med eksisterande verkemiddel?
  • Korleis bør organiseringa av Bionova vere?

Innspel skal sendast til [email protected] innan 30. mars 2022.

Les meir på nettsidene til regjeringen.no.