Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Kommunane skal melde inn nye tiltak for betre vasskvalitet

Blå himmel, skogkledde fjell, elveleie
Sørelva i Etne kommune Foto: Martin Søgnen, SFVL.

Statsforvaltaren sende brev til alle kommunane i Vestland 20. januar og minna dei om å melde inn aktuelle landbruks- og miljøtiltak til den oppdaterte vassforvaltningsplanen for 2028–2033.

Publisert 06.02.2026

God lokal kunnskap og samarbeid med vassområdekoordinator er viktig for å få treffsikre tiltak. Kommunane gjer ein viktig jobb i dette arbeidet med å sikre god vasskvalitet i Vestland! 

Hovudpunkta i informasjonen er:

  • Kommunane må prioritere tiltak som reduserer avrenning frå landbruk og betrar tilstanden i påverka vassdrag. Vi peikar på tiltak som kan vere særleg aktuelle i Vestland.
  • Det er viktig at kommunen tek tak i ureining frå spreidd avløp og sikrar  ei planmessig og framoverretta oppgradering av både spreidde og kommunale avløpsanlegg.
  • Gode rutinar i byggesaker for landbruksbygg kan førebyggje forureining.
  • Restaurering av vassdrag bør vurderast særleg der det finst sårbare artar.

Les meir i informasjonsbrevet om vasstiltaksarbeidet, med utfyllande vedlegg om avløp, landbruk og aktuelle tiltak.