Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Klimaplan på gardsnivå

Klimarådgiving er i vinden. No vert dette premiert med tilskot gjennom RMP, og ekstra mjølkepris frå TINE.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.02.2023

I samarbeid med Klimaprosjektet i Vestland inviterte vi landbruksforvaltninga i kommunen til Teams-møte om klimakalkulatoren og lokal mobilisering for klimarådgjeving på gardsnivå.

Opptak finn du på nettsida til Klimaprosjektet.

Program

  • Velkommen v/Bjørn-Harald Haugsvær, Statsforvaltaren
  • Kva er prosjekt KlimaVest v/ Lene Vangberg Monsen
  • God agronomi og klima v/ Helena Elvatun, NLR
  • Bærekraftstillegget ved bruk av klimakalkulator for mjølkeprodusentane v/ Jan Asle Torstad, Tine
  • Kva er klimakalkulatoren og kvifor er det viktig å ta den i bruk? Eksempel på klimahandlingsplan på gardsnivå v/ Spydspissbonde Geir Støfring
  • Lokale møte i samarbeid mellom kommunen og lokalt bondelag med praktisk gjennomføring av klimakalkulatoren v/ Bjørn-Harald Haugsvær, Statsforvaltaren

For å gjere avtale om lokalt møte kontaktar du prosjektleiar Lene Vangberg Monsen på [email protected].

For å be om utbetaling av tilskot til lokale møte nyttar du dette skjemaet.