Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Statsbudsjettet 2026 - verknader for kommunane

Den endelege budsjettavtalen på Stortinget inneber ei auke i frie inntekter for kommunane i landet med til saman 3 mrd. kroner, samanlikna med det opphavlege framlegget om statsbudsjettet for 2026.  

Publisert 17.12.2025

Dei frie inntektene for fylkeskommunane utgjer 1,1 mrd. kroner for mellom anna å styrke kollektivtilbodet.

I vedlagde utrekning har vi lagt til grunn at den auka ramma på 3 mrd. kroner i frie inntekter blir fordelt mellom kommunane etter prosentdel innbyggjartal av landet (per 1. juli 2025), og indeks berekna utgiftsbehov (frå utgiftsutjamninga i inntektssystemet). For kommunane samla i Vestland utgjer dette  om lag 353 ½ mill. kroner i høgare frie inntekter i 2026.

I opphavleg framlegg til statsbudsjett 2026 vart det øyremerkt tilskot på 200 mill. kroner til styrking av bemanninga i barnehagane. Dette var ei vidareføring frå vedteke revidert nasjonalbudsjett for 2025, med same totalbeløp. Budsjettavtalen inneber ei ytterlegare auke med 600 mill. kroner til styrking av bemanning i barnehagar. Sum øyremerkt tilskot er derfor 800 mill. kroner til dette føremålet i 2026, basert på inngått budsjettavtale.

Vi minner og om følgjande øyremerka tilskot som no blir avvikla, og overført til kommunane som frie inntekter:

  • Tilskotsordning til rettleiing for nyutdanna lærerar, som utgjer kr 76,8 mill.
  • Sosiale tenester og tiltak for vanskelegstilte, reduksjon av øyremerkt tilskot, kr 33,0 mill.
  • Frisklivs, lærings- og meistringstilbod, kr 34,4 mill.
  • Kommunalt rusarbeid, kr 448,6 mill.                                                                                                     = Sum overføring frå øyremerkt til ramme for kommunene, kr 592,8 mill.