Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Pårørandeavtale skal bidra til betre samarbeid

Pårørandeavtale er eit verktøy for å vareta rettar og behov for pårørande med tyngande omsorgsoppgåver.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.09.2024

Målet er å vareta den pårørande, og betre samhandlinga og dialogen mellom pårørande og den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Verktøyet er utarbeidd av Helsedirektoratet, på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, i samarbeid med representantar frå brukar- og pårørandeorganisasjonar, KS, kommunar og utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester.

Opptak av webinar om pårørandeavtalar, guide for pårørandeavtalar, opplæringsmateriell og meir informasjon finn du på heimesida til Helsedirektoratet.