Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Nye satsar i statens retningsliner for sosialhjelp

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har prisjustert satsane frå 1. juli 2022 i tråd med anslaget for vekst i konsumprisane i revidert nasjonalbudsjett for 2022.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.06.2022, Sist endra 07.07.2022

Satsane går fram i Rundskriv A-1/2022 om statlege rettleiande retningsliner for økonomisk stønad for 2022.

Satsane er rettleiande. Nav-kontora skal utøve skjøn når dei vurderer om dei skal innvilge ein sosialhjelpssøkjar økonomisk stønad, og dei skal utøve skjøn ved utmåling av stønaden. Kommunane vel sjølv om deira Nav-kontor skal nytte statens satsar som utgangspunkt for skjønsutøvinga, eller om dei vil ha eigne kommunale satsar som utgangspunkt.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har skrive eit brev om kva prisvekst betyr for utmåling av økonomisk sosialhjelp der dei presiserer at sosialhjelpa alltid skal sikre mottakaren eit nøkternt, men forsvarleg livsopphald.