Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Tilskot til rettleiing i spesialiteten allmennmedisin

Kommunane kan søke Helsedirektoratet om tilskot for rettleiing av allmennlegar (LIS3 i allmennmedisin). Søknadsfristen er 16. november.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.10.2020

Målet med tilskotet er å kompensere for kommunane sine kostnader til rettleiing av legar i spesialisering i allmennmedisin (LIS3 i allmennmedisin).

Søknad gjerast elektronisk i Altinn via Helsedirektoratet sine nettsider.

Her finn du søknadsskjema og lenke til tilskotsregelverket.  

Om tilskotet

Kommunane får tilskot til å dekke kostnader for rettleiing i spesialiteten allmennmedisin med inntil tre timar rettleiing, samt ein time førebuing/etterarbeid for rettleiar, totalt fire timar per månad i 10,5 av årets månader. Samla tilskot på 42 timar per år vil bli utbetalt med 3,5 timar per månad i 12 månader. Timesatsen for 2020 er på 1000 kroner per time.

Søknad må sendast via Altinn. Det kan berre førast opp ein lege i kvart søknadsskjema, men kommunen kan velje om dei vil sende ein søknad per lege per år, eller ein samla søknad for fleire år.