Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Råd til helse- og omsorgsinstitusjonar om besøk i julehøgtida

Jule- og nyttårsfeiringa står for døra, og mange som tek imot helse- og omsorgstenester vil i denne tida få besøk, eller ønske å dra heim til pårørande, vennar og familie.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.12.2020

Samtidig har bebuarar og pasientar i helse- og omsorgsinstitusjonar og samlokaliserte omsorgsbustader ofte ein høg risiko for å bli sjuke av covid-19. Helse- og omsorgsinstitusjoner og omsorgsbustader må legge til rette for at bebuarar og pasientar kan få besøk eller dra på besøk i tråd med nasjonale tilrådingar om private samankomster, men smittevernhensyn må takast vare på.

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har oppdatert dei nasjonale råda og anbefalingane om besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar, samlokaliserte omsorgsbustader og liknande. Følgjande nasjonale anbefalingar er særleg relevant for besøk i forbindelse med jule- og nyttårshøgtida:

Helsedirektoratet sin koronarettleiar:

Folkehelseinstituttet sin koronarettleiar:

Lokale helsemyndigheiter kan ha eigne anbefalingar basert på lokal smittesituasjon.