Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Folkehelseprofilane for 2024

Temaet for folkehelseprofilane i år er eldre si helse.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.03.2024

Levealderen aukar, og vi forventar ein stor auke i talet og andelen eldre i befolkninga fram mot 2050. Denne auken er noko kommunane bør planlegge for. Det er mogleg å påverke helse og funksjon gjennom heile livsløpet, også for eldre. Å legge til rette for helsefremmande levevanar gjennom heile livet er viktig for ein god alderdom. Les meir i saka på Folkehelseinstituttet.

Folkehelseprofilane gir informasjon om helsetilstanden og det som påverkar helsa, i kommunar og bydelar.  Du kan laste ned folkehelseprofilane på heimesida til Folkehelseinstituttet (FHI).