Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar

I den nye folkehelsemeldinga presenterer regjeringa den samla innsatsen for å fremje betre folkehelse og god livskvalitet i befolkninga. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.03.2023

Folkehelsemeldinga har seks hovudinnsatsområde, og er regjeringa sin strategi for å utjamne sosiale helseforskjellar. Innsatsområda er: 

  • dei samfunnsskapte vilkåra for god helse
  • levevanar og førebygging av ikkje-smittsame sjukdommar
  • psykisk helse og livskvalitet
  • vern mot helsetruslar og rett til eit sunt miljø
  • kommunikasjon og innbyggardialog
  • førebyggande arbeid i helse- og omsorgstenesta

Regjeringa vil gje auka prioritet til folkehelsepolitikken. For å lykkast med dei breie folkehelsetiltaka skal regjeringa forsterke innretninga i det systematiske folkehelsearbeidet.

Folkehelsemeldinga finn du på heimesida til regjeringa.