Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Alle barn og unge skal kunne delta i fritidsaktivitetar

Til saman 13 aktørar i Vestland har signertFritidserklæringa Vestland. Med det forpliktar dei seg til å jobbe saman for å sikre at barn og unge skal kunne delta i minst ein organisert fritidsaktivitet saman med andre. Foto: (Illustrasjonsfoto).

Vi oppmodar kommunane i fylket om å utvikle lokale fritidserklæringar, slik at fleire barn og unge kan delta og medverke i fritidsaktivitetar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.03.2025

Fritidserklæringa Vestland blei signert hausten 2024 av 13 offentlege og frivillige organisasjonar. Visjonen i Fritidserklæringa Vestland er at «alle barn og unge skal kunne delta jamleg i minst ein organisert fritidsaktivitet i lag med andre».

I Vestland har tre kommunar utvikla lokale fritidserklæringar så langt. Du finn meir informasjon om erklæringane i lenkjene under:

Det nasjonale verktøyet ALLEMED har utvikla mal for lokal fritidserklæring som kommunane kan nytte. Malen finn du på heimesida til ALLEMED: Mal for lokal fritidserklæring

På vegner av alle signeringspartane har Vestland fylkeskommune sendt ut brev til alle kommunane med informasjon om, og verktøy for å kunne utvikle eigne lokale fritidserklæringar. Les heile brevet under «Dokument».