Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Tilskot til utprøving av lovande arbeidsmodellar i Nav

Arbeids og velferdsdirektoratet skal prøve ut to nye arbeidsmodellar på sosialtenesteområdet, og inviterer kommunane til å søkje om å vere med på utprøvinga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.12.2022, Sist endra 16.12.2022

Mange Nav-kontor har utarbeidd nye arbeidsmetodar for sosialt arbeid. Direktoratet ønskjer å finne ut om to lovande arbeidsmetodar eignar seg også på andre Nav-kontor enn dei som har utvikla metodane.

For å få kunnskap om dette skal dei to metodane prøvast ut av andre Nav-kontor, og forskarar frå NTNU Samfunnsforskning skal følge utprøvinga. 

Dei to arbeidsmetodane er:

  • «SSA - Sysselsetting, språkombud og arbeidsnorsk» som er utvikla av Nav Frogner, og
  • «Back to school, Stay at school» utvikla av Nav Midt-Telemark.

Vil du søkje?

Kommunar som vil prøve ut arbeidsmetodane kan søkje om statleg tilskot til å dekke kommunens kostnader i samband med utprøvinga. Tilskot vert gitt primært for eitt år frå oppstartsdato. Kommunen må rapportere i samsvar med reglane for tilskotet.

Søknadsfristen er 1. februar 2023.

Du kan sende søknaden til Arbeids og velferdsdirektoratet på e-post: [email protected]. Dersom du har spørsmål om tilskotsordninga, kan du sende dei til direktoratet på same e-postadresse.

Meir informasjon om tilskotsordninga, arbeidsmetodane og søknadsskjema finn du på nettsida til Nav.