Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

17,5 millionar kroner til utvikling av sosiale tenester i Nav

Statsforvaltaren i Vestland har tildelt prosjektmidlar til 35,5 stillingar i 25 utviklingsprosjekt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.03.2022, Sist endra 07.10.2022

Føremålet med tilskotsordninga er å forbetre dei sosiale tenestene i Nav gjennom treårige utviklingsprosjekt.

Prosjekta skal bidra til å utvikle eit heilskapleg og samordna tenestetilbod, som er betre tilpassa brukarane sine behov. Gjennom nye arbeidsmetodar og samarbeidsformer skal brukarane få auka kvalitet i dei sosiale tenestene, og med det få betra levekåra sine.

17 580 000 kroner

I første omgang fekk prosjekta i Vestland tildelt 15,7 millionar kroner for 2022. Dette var nok til å vidareføre dei prosjekta som var inne i tilskotsordninga frå før, men det gav ikkje rom til å starte opp nye prosjekt.

Etterpå gav Arbeids- og velferdsdirektoratet oss ei tilleggsløyving på 1 880 000 kroner til nye prosjekt. I tillegg vart eit av dei pågåande prosjekta avslutta før tida. Til samen gav dette rom for å starte opp fire nye prosjektstillingar.

Tre nye prosjekt

No i 2022 har kommunane i Vestland søkt om til saman 14 millionar kroner i statleg tilskot til 22 stillingar i 12 nye prosjekt. Dette viser stor interesse for å ville forbetre dei sosiale tenestene i Nav, men med rom for å starte opp fire nye prosjektstillingar har vi måtta avslått dei aller fleste søknadene. Dei Nav-kontora som fekk innvilga tilskot til nye prosjekt i år er:

  • Nav Bergenhus – to stillingar i prosjektet «Ka `no?»
  • Nav Bømlo – ei stilling i prosjektet «Barn har noko viktig å seie!»
  • Nav Kinn – ei stilling i prosjektet «Koordinerte tenester til barnefamiliar»

Her kan du sjå oversikta over alle dei 25 prosjekta i Vestland.

Les meir om prosjekttildelingar tildegare år under «Lenkjer».

Landsomfattande oversikt

Arbeids- og velferdsdirektoratet har laga ei landsomfattande oversikt over prosjekt som har fått pengar til denne tilskotsordninga no i år. I denne oversikta kan du bruke søke- og filterfunksjonen for å finne det Nav-kontoret eller fylket du ønskjer.

Nasjonal oversikt over tilskotsmottakarar 2022.