Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Nytt til barnehage- og skulestart 2026

Utdanningsdirektoratet (Udir) har publisert ei samla oversikt over viktige endringar, regelverksoppdateringar og nye rettleiingsressursar for barnehagar og skular i samband med barnehage- og skulestart 2026. Sida blir oppdatert fortløpande gjennom august og gir tilsette og leiarar informasjon om kva som er nytt for det komande året.  

 

Publisert 17.08.2026

Dette er nytt 

For barnehagar 

  • Ny forskrift om finansiering av private barnehagar frå 1. august 2026.
  • Oppdaterte ressursar om økonomisk tilsyn og rettleiing for private barnehagar. 
  • Barnehagelærarar utdanna ved Steinerhøyskolen kan no tilsetjast som pedagogisk leiarar i alle typar barnehagar utan tilleggskrav.  
  • Inntektsgrensa for gratis kjernetid er auka til 692 465 kroner. 
  • Ny rettleiar om kommunen sitt ansvar i tryggingspolitiske kriser og krig. 
  • Høve til å søkje tilskot for tilsette som tek barnehagelærarutdanning medan dei er i arbeid. 


For skular

  • Ordninga med skulelydbøker frå Statped blir vidareført.  
  • Grunnskolens informasjonssystem (GSI) får ny teknisk løysing og tilgang via Altinn. 
  • Ny rettleiar for fjernundervisning i samisk.  
  • Udir arbeider med nye tilrådingar for bruk av kunstig intelligens i opplæringa.  
  • Oppdateringar i kartleggingsverktøyet for grunnleggjande norsk.  
  • Endringar i læreplanane, mellom anna i matematikk og i retningslinjene for bruk av digitale einingar på 1.–4. trinn.  
  • Nye reglar om informasjonsdeling ved skulebyte.  
  • Lovfesta rett til 12 timar gratis SFO per veke for elevar på 1.–3. trinn. 


Les heile oversikta hos Utdanningsdirektoratet.

Kontaktpersonar