Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Samisk opplæring i grunnskulen – rettar og plikter

Samiske elevar har rett til opplæring i samisk språk uavhengig av bustadkommune. Andre elevar har rett til opplæring i og på samisk dersom minst ti elevar i kommunen ber om det. Statsforvaltaren skal bidra til at opplæringa skjer i tråd med gjeldande lover og forskrifter.

Publisert 18.12.2025

Elevane sine rettar

Alle samiske elevar har rett til opplæring i samisk, også dei som bur utanfor språkutviklingskommunane (opplæringslova § 3-2). Elevane vel sjølve språk, – nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk – medan foreldra tek valet for elevar på 1.–7. trinn.

Felles ansvar

Statsforvaltaren, kommunen og skulen har eit felles ansvar for å sikre at retten blir oppfylt.

Statsforvaltaren

Vi skal rettleie om pliktene og følgje opp at regelverket blir etterlevd, slik at opplæringa skjer i samsvar med lov og forskrift.

Kommunen

Kommunen har det overordna ansvaret for at elevane, med rett til samisk opplæring, får det. De skal informere foreldre og elevane om rettane (opplæringslova § 10-8)) og sørge for:

  • å stille nødvendige ressursar og læremidlar til disposisjon
  • å følgje med på om opplæringa er forsvarleg, også fjernundervisninga viss skulen ikkje har lærar med rett kompetanse
  • å tilby delar av opplæringa i eit samiskspråkleg miljø dersom det er nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg

Skulen

Skulen har ansvar for den daglege gjennomføringa av opplæringa. De skal følgje opp:   

  • at opplæringa blir gjennomført i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet – samisk
  • at opplæringa følgjer fastsett fag- og timefordeling
  • at fjernundervisninga følgjer krav til læringsmiljø, tilrettelegging og kvalitet
  • elevens læringsutbytte og dokumentere vurderinga, slik at kompetansemåla blir nådd

Støttemateriell

Kontaktpersonar