Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Raudt nivå i skulen avgrensar smitte effektivt

Heimeskule ser ikkje ut til å gje ein tilleggseffekt. Dette kjem fram i ein ny rapport om smitteverntiltak i skulen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.04.2021

Folkehelseinstituttet har undersøkt effekten av ulike smitteverntiltak i skulane i perioden februar – april 2021 i Oslo og kommunar i Viken.

Hovudfunna i rapporten er:

  • Det var nedgang i tal smittetilfelle per dag blant barn og unge etter innføring av raudt nivå i skulane.
  • Tiltaka i skulane vart innført samstundes som andre tiltak i samfunnet. Alle kommunane hadde reduksjon i tal smittetilfelle per dag.
  • I dei tilfella der kommunane innførte heimeskule ser ikkje dette til å ha ein tilleggseffekt utover effekten av raudt nivå.
  • Tal smitteklynger i skulane vart redusert i perioden med raudt nivå. I Oslo skjedde dette samstundes som smitten i samfunnet elles auka.

Les meir om rapporten og tilrådingane frå Folkehelseinstituttet her.