Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Over 81 millionar kroner til stillingar i barnevernet

I 2020 har Fylkesmannen i Vestland betalt ut 81 647 190 kroner i tilskot til det kommunale barnevernet. Dette finansierer i alt 108,5 stillingar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.11.2020

Den statlege styrkinga av stillingar i det kommunale barnevernet vart gjort i perioden 2011-2018. Tilskotsordninga vart vidareført i 2019 og 2020, men berre til stillingar som var oppretta frå før.

Vi kjem tilbake med informasjon om eventuelt tilskot for 2021. Etter planen skal denne tilskotsordninga innlemmast i kommuneramma i samband med barnevernsreforma som skal tre i kraft i 2022. Ordninga med øyremerkt tilskot vil då falle bort.

Tilskotet er tildelt over Barne- og familiedepartementet sitt kapittel 854 post 60 i statsbudsjettet.

Tabellen under viser korleis dei 108,5 stillingane er fordelt på barnevernstenestene.

Bergen 34,8
Øygarden 8
Bjørnafjorden 7,075
Sunnhordland 7
Askøy 6,5
Sunnfjord 4,7
Alver 4
Hardanger 3,975
Voss 3,9
Kvinnherad 3
Osterøy 2,6
Kinn 2,6
Hafs *) 2,3
Stad 2
Gloppen 2
Sogn **) 2
Stryn 1,5
Tysnes 1,5
Austevoll 1,5
Bremanger 1
Sveio 1
Kvam 1
Høyanger 1
Gulen og Masfjorden 1
Vaksdal 0,8
Samnanger 0,75
Austrheim 0,5
Årdal 0,5
Vestland i alt 108,5

*) Hyllestad, Askvoll, Solund, Fjaler

**) Luster og Sogndal

I fjor fekk Etne og Hornindal tilskot frå Fylkesmannen i Vestland. I år får desse to tilskot frå Fylkesmannen i Rogaland og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Her kan du sjå fjorårets tildeling.