Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Marin forsøpling

Oppdatert 01.02.2024

Marin forsøpling gir store utfordringar for livet i havet. Stadig les ein om fuglar som har sett seg fast i gammalt garn eller fisk med magen full av plast. Statsforvaltaren har i oppdrag å bidra til effektiv og samordna opprydding av strender.

Kva gjer eg når eg vil rydde?

Gå inn på ryddeportalen Rydde.

Her finn du ulike ryddeaksjonar i Noreg.

Her kan du også registrere område som har behov for å bli rydda, opprette ein eigen ryddeaksjon eller finne ut kvar ein kan få utstyr til å rydde.

I Vestfold kan skjergardstenesta hente søppelet og frakte det til eit mottaksanlegg. Sjå her for meir informasjon.

Statsforvaltaren sitt ansvar

Statsforvaltaren har ei rekke oppgåver for å redusere marin forsøpling i fylka våre:

  • Etter behov hjelpe til med å leggje til rette for effektiv og samordna opprydding av strender.
  • Føre tilsyn med verksemder, samt å følgje opp at dei har ei god handsaming av ulike typar avfall og leverer avfall til godkjent mottak.
  • Godkjenne avfallsplanar for hamner.
  • Jobbe for ei god handsaming av brøyta snø.

Kommunen sitt ansvar

Kommunen er styresmakt for forsøpling. Det betyr at dei skal føre tilsyn med forsøplingssituasjonen i kommunen og følgje opp forsøplingssaker. Når kommunen får melding om eit forsøpla område eller oppdagar område som er forsøpla, kan dei pålegge den ansvarlege å rydde opp etter seg. Kommunen kan også rydde opp og sende rekning til dei ansvarlege. Jobben er viktig for å hindre at meir avfall gjer skade på land eller kjem ut i havet.

Marin forsøpling

Marin forsøpling er eit av dei største miljøproblema vi har i verda i dag. Vi ser at menneskeskapt avfall ikkje forsvinn, men blir verande i store mengder i havet, på havbotn, i vassmassane og langs strendene. Over heile verda lid eit stort antal fugl, fisk og andre dyr kvar dag som følgje av skadar frå søppla i havet. Plasten kan mellom anna føre til kveling, indre skadar, forgifting og problem med fordøyinga til dyra.

Avfall blir transportert lange vegar med vind og havstraumar og hamnar i andre delar av verda. Blant anna finn vi langtransportert plast igjen i Arktis.

Mikroplast

Mikroplast er små plastpartiklar som finst overalt, og som hopar seg opp i miljøet. Fordi partiklane er så små, blir dei tekne opp i organismar og kjem inn i næringskjeder. Mikroplast har ei rekke kjelder:

  • større partiklar av plast som blir brotne ned av vind, UV-strålar og bølgjer
  • kosmetikk
  • klede av syntetiske fiber, til dømes fleece
  • granulat frå kunstgrasbanar
  • slitasje frå gummidekk

Det er få reinsemetodar som fangar opp desse partiklane. Dei kjem ut i havet gjennom avløpssystem og avrenning frå land.

 

 

 

 

Kontakt oss

Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18

E-post
[email protected]

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding 

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
[email protected]

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding 

FNs 14. berekraftsmål: Bevare og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremjar berekraftig utvikling.